Multisal Pauline Hall
Fredag, 24. september 2021
21:00-22:15
Det seges kun unummererte sitteplasser. Tilgjengelige seter er plassert to og to i hht til gjeldende avstandsrestriksjoner.

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin milde, tidvis eksentriske, folkpop, og kommer nå med sitt 3. album: Flora.

Flora er spelt inn låt for låt i løpet av ei ti dagar lang studioøkt: «Me lærte oss songane ved å spele dei live for publikum. Det kunne til tider vere halsbrekkande, men det var veldig ærleg. I studio spelte me inn live og hadde blikkontakt heile vegen.», seier Frøkedal.

Frøkedal & Familien har skapt eit særeige lydbilete av vokal, elgitar, feler, orgel og trommer, samt klimpreinstrument som mandola og baglamas. Nå kjem bandet til Hamar for å presentere musikken der han høyrer heime: i eit rom med levande menneske til stades.

Låtane på Flora strekk seg frå gyngade hippie-folk til indiepop og felerock. Musikken skildrar spennet mellom einsemd og framandgjering i ein kald verd – og draumen om tilknyting som alle har i seg.


Frøkedal & Familien har gjort ei rekkje turnéar og festivalkonsertar i inn- og utland. Prosjektet har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spelt live på BBC Radio6. Frøkedal & Familien har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Dei trivst likevel aller best på mindre scener, der dei kan stå tett og sjå publikum i kvitauget.

 

Frøkedal: vokal, gitar / Olav Christer Rossebø: fele, oktavfele, mandola, vokal / Ingeleiv Berstad: fele, oktavfele, baglamas, perkusjon, vokal / Erlend Ringseth: keys, vokal / Elisabeth Mørland Nesset: trommer, vokal

-----------------------------------
Vi tar smittevern på alvor og gjør det vi kan for å sikre deg en trygg og god opplevelse hos oss. Vi oppfordrer alle til å komme i god tid for å unngå kø.