Kirsten Flagstad-salen
Fredag, 22. oktober 2021
17:00-17:45
3 - 12 år
Salen selges unummerert, du vil bli anvist plass når du kommer. Alt i henhold til en hver tids gjeldende koronasituasjon

Knallgøy konsertforestilling for store og små, og no kjem Psst! til Hamar! Knasande gulerøtter, tørketrommelen i kjelleren og digre anleggsmaskiner – kvardagslydar skapast om til ei heilt spesiell musikkforestilling som fengslar heile familien.

Psst! (tidl. HYSJ) følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Det startar som ein heilt vanleg dag. Etter kvart som timane går, vert skillet mellom verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein transgalaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn på eit oversvømt bad, og får bli med på togtur gjennom det ville vesten. Kvardagslege ting som å ete frokost og å sjå barne-TV, vert gjort om til musikalske begivenheiter. Musikken, i samspel levende illustrasjonene vist på lerret bak på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå kvardag.

Psst! er komponert og regissert av to blad Øyvind, i samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Stykket var opprinneleg eit bestillingsverk til Bajazz-festivalen i Bergen i 2017. Sidan då har Psst! blitt spelt på Ultimafestivalen i Oslo 2018, og tre veker ved Den Nationale Scene i Bergen februar 2019, til overveldande god respons frå presse og publikum.

Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei mest aktive trommeslagarane i Noreg, med bakgrunn i band som Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og JUNIP (Hegg-Lunde), og Skarbø Skulekorps, 1982, Håkon Kornstad Tenor Battle og Bly de Blyant (Skarbø). Begge har motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Som duo har dei jobba saman sidan 2001, og blant mykje anna gjort ei trioplate med Ståle Storløkken, samt ei rekke prosjekt for barn. Fredrik Rysjedal ein av dei mest spennande kunstnarane i Noreg om dagen. Han har nettopp fullført eit stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, der han gjer nybrottsarbeid om teikneseriar tilpassa skjerm.

Medverkande:
Øyvind Skarbø - trommer, vibrafon, vokal, gitar, vokal
Øyvind Hegg-Lunde - trommer, ukulele, vokal
Fredrik Rysjedal - illustrasjon og video
Hans-Olav Molde - lyddesign
Andreas Johansen - lysdesign

Forestillinga er støtta av Norsk Kulturråd, Innlandet fylkeskommune og Sparebankstiftelsen Hedmark.