Multisal Pauline Hall
Lørdag, 23. oktober 2021
13:30-14:10
Passer best for 4-8 år
Arrangementet er gratis, men vi ber deg registrere deg ved å hente ut GRATISBILLETT på forhånd. Billetter er tilgjengelige fra lørdag 9. oktober. For at flest mulig barn skal få oppleve denne forestillingen ber vi om at det følger maks èn voksen per barn.

Bli med på ei familieframsyning om setra og huldra - full av morsom og fengande barnemusikk.

Møt Tore. Han skal ha ansvaret for setra gjennom sommaren. Han skal mjølke og stelle, og ta vare på alle dyra og passe på at alle har det bra. På setra bor også Hildur - ei sanglad hulder som ser til at Tore gjer det han skal, og spelar han eit puss eller to gjennom sommaren.

Framsyninga formidlar historier frå setra og om huldra, engasjerande og spennande episoder mellom Tore og Hildur, og fengande barnemusikk med både dans og allsong.

Aslak Brimi kom i 2020 med barneboka ”Huldra Hildur”, og ilag med boka kom både barneplate og lydbok. Det er også laga ei barneframsyning med utgangspunkt i musikken og historia om huldra Hildur.

Skodespelarar: Even Lusæter og Mari Midtli.

Musikarar: Aslak Brimi, Mads Erik Odde, Pål Svindland og Espen Wensaas.