Multisal Pauline Hall
Tirsdag, 19. November 2019
20:00-22:00

I den særeigne framsyninga blandar vår tids mest lesne rogalending sjangrane litteratur, teater, musikk og standup.

I august er Renberg aktuell med ein ny roman som heiter «Ingen tid å miste». Mange ventar på denne boka i spenning, og mange rundt om i landet ventar på å få sjå og høyre Tore Renberg når han legg ut på ein omfattande turné saman med gitarist Alexander Flotve hausten 2019.

Denne kvelden vil Renberg lese frå forfattarskapet sitt. Han vil også snakke om sitt forhold til språk. Tore vil synge og spele kjente og meir ukjente songar frå karrieren sin.

Tore Renberg nyttar målformene og dialekten sin som ei verktøykasse der han får fram personskildringar, stader og nærleik til livet. I romanen «Du er så lys» frå 2017 skriv han på nynorsk. Musikk og tekst blir gjerne formidla på dialekt, og han vekslar mellom å bruke bokmål og nynorsk. Dette gir gjenklang i publikum, og Renberg er likt over heile landet.

«Ein kveld med Tore Renberg» er eit samarbeid mellom Hamar kulturhus og Nynorskkonferansen 2019.