Klubbscene Rolf Jacobsen
Onsdag, 27. Mars 2019
19:00-20:30

Hvordan kan poesien fange opp og vise fram rasismen i det amerikanske samfunnet? Og hva må til for å oversette den amerikanske hverdagsrasismen til norsk?

Den amerikanske forfatteren Claudia Rankine kom i 2014 ut med diktboka Citizen. An American Lyric. Boka er ei av de mest leste og omtalte diktbøkene de siste årene, og høsten 2018 kom den i norsk oversettelse med tittelen Medborgar. Eit amerikansk dikt på Samlaget, gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Christina Lundestad Joof. De to gjendikterne møter Hans Kristian Rustad, lyrikkforsker ved Universitetet i Oslo, til en samtale om lyrikk, oversettelse og rasisme. Medborgar er ei blanding av poesi, prosa, essay og bilder, og det ei diktsamling som utfordrer forståelsen av hva det vil si å være medborger i et samfunn der detaljer, replikker og opplevelser stadig er lada med et kroppslig skille.

 

Den amerikanske forfattaren Claudia Rankine kom i 2014 ut med diktboka Citizen, "An American Lyric". Boka er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra, og hausten 2018 kom ho i norsk omsetjing med tittelen "Medborgar".

Eit amerikansk dikt på Samlaget, gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Christina Lundestad Joof. Dei to gjendiktarane møter Hans Kristian Rustad, lyrikkforskar ved UiO, til ein samtale om lyrikk, omsetjing og rasisme.

"Medborgar" er ei blanding av poesi, prosa, essay og bilete, og det er ei diktsamling som utfordrar forståinga av kva det vil seie å vere medborgar i eit samfunn der detaljar, replikkar og opplevingar stadig er lada med eit kroppsleg skilje.

 

Foto: Tale Hendnes - Kristina Leganger Iversen.  Maria Gossé - Camaras Christina Lundestad Joof.

 

Litteraturscena er et samarbeid mellom Nordisk poesifestival | Rolf Jacobsen-dagene, Hamar bibliotek og Høgskolen i Innlandet.