Multisal Pauline Hall
Torsdag, 25. august 2022
11:00-12:00

Ove Røsbak ga i 2002 ut biografien "Nordens dronning" om den danske dronninga som grunnla Kalmarunionen. Boka er tema hos Seniorakademiet i Hamar kulturhus 25. august.

Ove Røbak er ein svært allsidig kulturperson. I tillegg til å vere forfattar i mange sjangrar for både barn og vaksne har han brei og lang røynsle som sceneartist og foredragshaldar. Sidan 1978 har han livnært seg som kunstnar på heiltid.

I 1978 debuterte han med lyrikksamlinga Lævandes dikt. Som lyrikar han har nådd eit stort publikum, og med åra har det vorte mange samlingar. Røsbak har òg skrive noveller, barnebøker, juleforteljingar og romanar. I tillegg til fleire historiske spel har han skrive skodespel for teaterscene og radio. Han har òg gjendikta delar av Carl Sandburg sin lyrikk.

Fleire av bøkene hans er skrivne på hedmarksdialekt. Også tematisk er bøkene forankra på Hedmarken og i heimbygda. Kjærleik, sorg og tap er andre sentrale tema i forfattarskapen, alvorlege tema som ofte kjem til uttrykk gjennom bruk av humor.

Røsbak har gitt ut fleire biografiar: Alf Prøysen. Præstvægen og Sjustjerna (1992), Rolf Jacobsen. En dikter og hans skygge (1998) og Margrete.

Røsbak vart tildelt Prøysenprisen i 1980. Han fekk Austmannaprisen i 1981, Alf Hambes Pris i 1983, Cappelenprisen i 1984, Ringsakerprisen og Hedmarksprisen i 1998. I 2010 fekk han Vidar Sandbecks kulturpris.

Om Seniorakademiet

Seniorakademiet Hamar erstattet vinteren 2022 Pensjonistuniversitetet Innlandet, og er et forum for menneskelig kontakt og for utveksling av kunnskaper og erfaringer. Det vil bli arrangert 6 aktiviteter hvert semester med et godt og variert tilbud som stimulerer seniorer til en aktiv tilværelse. Temaene er varierte, underholdende og lærerike.

Les mer her: https://www.folkeuniversitetet.no./