Klubbscene Rolf Jacobsen
Fredag, 14. april 2023
20:00-21:30
Konserten har ståplasser og et begrenset antall sitteplasser. Sitteplassene er unummerert og kan ikke reserveres.

Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise- og tradisjonsmusikk med bl.a. 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.

Moldestad har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken.

Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. 5 plater har vore i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre besetningar.

Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande platemeldingar landet rundt! Albumet er Sigrid Moldestad sitt 5 album og markerte hennar 10 år som soloartist. Plata fekk mellom anna ei sterk melding i Aftenposten: “No er det på tide at denne artisten blir allemannseie”.  Bergens Tidende tok fram bandet: “..kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet”. I bladet “Viser” skriv meldaren at han “sjeldan har hatt ein klårare femmar i spelaren sin”.  Plata fekk terningkast 5 jamt over, både i  NRK P1, Bergensavisen, Dagsavisen, Hamar Arbeiderblad med fleire.  Plata er produsert av Yngve Leidulf Sætre.

 

Om Lydhør
Velkommen til Lydhør – konsertserien som gir deg de gode og nære musikkopplevelsene. På scenen står de beste musikerne i sin sjanger, og alt er tilrettelagt for det lyttende og musikkelskende publikum.

I Klubbscene Rolf Jacobsen blir det hyggelig stemning og du kan nyte et glass fra Satellitten.